Gå til hovedinnhald ( Trykk Enter )

-

Etatar og tenester for barn og unge i kommunen

Helsestasjonen har ansvar for førebyggjande og helsefremjande arbeid for barn og unge i alderen 0 – 24 år. Me jobbar etter lågterskelprinsippet, det vil seie at det skal vere låg terskel for å ta kontakt med oss om det er noko du tenkjer på, og ein stad der foreldre kan søkje råd og rettleiing i høve barnet si helse og utvikling.

Kontakt:
Tlf: 35075552
Besøksadresse: Revahaugvegen 4, 3880 Dalen

På Helsestasjon for ungdom møter du helsepersonell som du kan snakka med om emne som opptek deg.
Tilbodet er gratis for ungdom opp til 24 år.

HUSK: me har teieplikt!

Døme på emne som du kan ta opp:

  • Spørsmål om kroppen
  • Hudproblem
  • Problem på skulen
  • Du kjenner deg trist og einsam
  • Parforhold
  • Seksualitet generelt
  • Homofili
  • Rus og rusmisbruk
  • Røyking
  • Graviditet
  • Menstruasjonen
  • Slanking og etevanskar
  • Psykiske vanskar
  • Vonde opplevingar, til dømes seksuelt misbruk, vald/sjukdom i familien

Helsestasjonen kan m.a. hjelpa deg med:

  • Reseptar og anna behandling for helseproblem
  • Tilvisingar til andre instansar i helsevesenet
  • Prevensjonsrettleiing og prevensjon
  • Testing med tanke på kjønnssjukdomar
  • Graviditetstest

 

Kontaktinfo

Telefonnr.: 35075550

Opningstid

Kvar torsdag mellom 14.00 og 16.00  (NB! Stengt når skulane har fri)

Stad: På helsestasjonen, ved helsesenteret på Dalen.

Du treng ikkje tinge time for å nytte helsestasjon for ungdom.

For ungdom under 24 år.

Skulehelsetenesta har som overordna mål å fremja god helse, både fysisk og psykisk, blant barn og ungdom i Tokke kommune.

Målet når me gjennom helseopplysing, foreldre- og elevrettleiing, helseundersøkingar og vaksinasjonar,i tillegg til å setje i verk tilbod om utvida støtte og hjelp ved behov.

Skulehelsetenesta er ei lovpålagt teneste til alle barn og unge, 5- 20 år, og er ein viktig del av det totale folkehelsearbeidet. Det er eit lågterskeltilbod der det skal være enkelt å få hjelp, og tenesta skal ha eit nært samarbeid med skulen og vere elevane si bedriftshelseteneste. Skulehelsetenesta kan òg bidra i undervising, gje råd til skulen om arbeidsmiljø for elevane, samt leggje forhold til rette for integrering av funksjonshemma elevar.

For elevar med særskilte behov kan skulehelsetenesten delta i tverrfaglege møter mellom til dømes PPT, barnevern, barnehage, skule og foreldre/ føresette for å sikra gode overgangar frå barnehage – skule, barneskule – ungdomsskule, ungdomsskule – vidaregåande skule. Dette for å sikra best moglege læringsforhold.

Barnevaksinasjonsprogrammet vil bli fylgt opp gjennom grunnskulen. Personalet i skulehelsetenesta har same teieplikt som anna helsepersonell.

Kommuneoverlegen er medisinsk-fagleg rådgjevar for helsetenesta i kommunen, men helsesøster er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa.

Dei som ikkje ynskjer å gjere seg nytte av skulehelsetenesta, kan nytta fastlegen sin for konsultasjonar i tråd med Statens helsetilsyn sine tilrådingar for skulehelsetenesta.

Jordmor vil gje deg ei god svangerskapsomsorg, og ynskjer å skape ei fin forventning fram mot fødselen og til den nye foreldrerolla. Tilbodet er gratis.

Det vert sett av god tid til svangerskapskontroll, samtale, informasjon og veiledning. Alle gravide har ulike behov og me prøvar å tilretteleggje omsorga slik du ynskjer. Ved fyrste timeavtale får du bøker og informasjonsbrosjyrer.

I svangerskapet er det frivillig å gå til jordmor eller lege eller vekselvis til begge.
Kontakt:
Tlf: 35075550

Jordmorvakt
Det er døgnkontinuerleg jordmorvakt i Seljord som du kan kontakte ved akutte ting i svangerskapet, ved fødselstart eller i barseltida.

Telefon 350 216 24. Adresse: Jakob Naadladsveg 28, 3840 Seljord

Skulle du ikkje få kontakt med vakthavande jordmor, ring

35 00 47 64 (fødeavd. i Skien)

Tenesta arbeider med å fremme psykiske helse, førebygge og behandle psykiske lidingar og utfordringar knytt til rus og psykiatri, samt undervise og auke interessa for korleis ein betre kan ta vare på den psykiske helsa.

Psykisk helse er eit lågterskeltilbod. Du kan sjølv ta kontakt for å be om ei teneste, eller du kan bli henvist frå fastlege, helsesyster, NAV eller anna instans. Den som vert henvist må samtykke i henvisninga.

Psykisk helse og rus avdelinga er eit helsetilbod til deg som bur eller oppheld deg over tid i Tokke kommune.

Det er behovet ditt som avgjer om du vil få tenesta.

Tilbodet gjeld born, unge, vaksne og familiar. Det er og eit tilbod for pårørande og til psykisk liding og rus.

Psykisk helse har trefftider på skulane.

Kontakt:
Tlf: 35075500
Besøksadresse: Revahaugvegen 4, 3880 Dalen

Barneverntenesta er felles for kommunane i Vest-Telemark (Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal, Tokke og Vinje) og har hovudkontor i Kviteseid.

Treng barnet ditt hjelp, eller vil du melde frå om barn som treng det?

Alle kan ein eller annan gong hamne i ein situasjon der ein treng hjelp til seg sjølv og barna sine. Barnevernet er til for å hjelpe barn og for å sikre at dei vert tekne godt vare på.

Når barnet på grunn av forholda i heimen eller av andre grunnar har særleg behov for det, skal barnevernstenesta sørgje for å setje i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.

Hjelpetiltak er som oftast helt frivillig og er noko som kan verte ei positiv endring for barnet og familien.

Slike hjelpetiltak kan vere rettleiing, støttekontakt, avlasting for foreldre, besøksheim og økonomisk hjelp. Formidling av plass i fosterheim og institusjon kan også vere hjelpetiltak. Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Me legg vekt på å finne årsakene til vanskane og drøfte dei med foreldra og barnet.

Foreldre, vener, grannar, barnehage, skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn har det vanskeleg, kan melde frå til barnevernstenesta. Det blir ikkje kravd at du har observert det som meldinga di refererer til, men du bør kunne identifisere kjelda til informasjonen. Eit rykte vert ikkje sett på som ei melding.

Barneverntenesta har plikt til å følgje opp ei melding eller eit spørsmål frå foreldre som treng hjelp.

Kontakt
Tlf: 35 05 54 00 kl. 08.30 – 15.00 måndag – fredag

Tlf: 116 111 frå kl. 16.00 – 08.00 helger og høgtider. Barnevernvakta i Grenland.

E-post:
post.barnevern@vest-telemark.no

Post- og besøksadresse:
Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark
Granlivegen 1A
3850 Kviteseid

Ergo-og fysioterapitenesta gir tilbod til barn og unge med nedsett funksjonsevne, motoriske vanskar og vanskar med aktivitetar i dagleg livet (ADL). Fysio- og ergoterapeutar har kompetanse til å vurdere funksjonsproblem og bidra til tiltak som kan styrke barnets funksjonsevne og deltaking. Tiltaka vert gjevne på bakgrunn av undersøkelse og observasjon/kartlegging. Kartlegginga kan føregå både her hos oss eller i barnets vante omgjevnadar. Ofte er det ein kombinasjon av desse to. Ut ifrå kva me har observert, finn me tiltak som kan bidra til å fremme meistring, deltaking og sjølvstende hos barnet. Dette blir gjort gjerne i form av leik, målretta tilpassa aktivitetar eller trening. Foreldre og samarbeidspartnarar vert inkludert i prosessen ved vegleiing.

Me kan fremme auka deltaking ved å tilrettelegge i t.d. heim og barnehage. Me kan vurdere om det er hjelpemidlar som kan vere hensiktsmessige for barnet og søke om dette. Me samarbeidar tett med andre faggrupper i kommunen, til dømes helsesøstre, PPT, barnehagar og skular.

Me kan delta i ansvarsgrupper, på samarbeidsmøte og vere deltakarar i individuell plan. Foreldre kan ta direkte kontakt med oss, eller så kan lege, barnehage, skule, helsesøster osb. henvise til oss, etter samtykke fra foreldra.

Kontakt:
Tlf: 35075555
Besøksadresse:
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen

Fastlegeordninga gjev alle innbyggjarane i Norge rett til å ha ein almennlege som sin fastlege. Fastlegeordninga er friviljug. Dei som ikkje ønskjer å vere del av fastlegeordninga, må sjølv finna ein allmennlege å gå til.

Fastlegene har avtale med kommunen om å gje innbyggjarane almennlegetenester, både når det gjeld somatiske og psykiske problem. Det er fastlege som skal kontaktast ved akutte tilstander som oppstår på dagtid. Dette fordi det faste lege kjenner deg og dine helseproblem best, og behandar difor også dei vanlege akutte problema best. Alle legekontora i kommunen har plikt til å setje av rimeleg tid til akutte tilfelle.

Fastlegen er ein allmennlege som har inngått avtale med kommunen om deltaking i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngitt allmennpraktiserande lege. Fastlege skal vera tilgjeneleg for sine pasientar og skal prioritere desse føre personar som ikkej står på legen si liste. Du kan sjølv velgje kva for lege du vil ha som fastlege, men lege må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommunen enn den du bur i.

Kontakt:
Tokke Legekontor
Revahaugvegen 4
3880 Dalen
Telefon: 35 07 55 60

Seljord, Kviteseid, Nissedal, Fyresdal og Tokke har gått saman om å opprette stilling som kommunepsykolog. Stillinga vart oppretta i 2019, med barn og unge som fokusområde. Førebels er det tilsett ein kommunepsykolog, men det blir jobba for å få ein psykolog til.

Den interkommunale psykologtenesta skal ivareta arbeidsoppgåver på fleire nivå. Sentrale arbeidsområde er helsefremjande og førebyggjande arbeid, planarbeid, kompetanseutvikling og å medverke til samordna tenesteutvikling i dei fem kommunane. Psykologen rettleier og gjev fagstøtte til fagpersonar som treff barn og unge, og er med i tverrfagleg arbeid i dei ulike kommunale tenestene. Nokre gonger treff ho også barn, unge og foreldre direkte, til rettleiing, oppfølging og lågterskel behandling.

Kommunepsykologen har hovudkontor i Seljord, Brøløsvegen 14 B, men vil ha faste dagar i kvar kommune.

Spørsmål til kommunepsykologen blir retta gjennom kontakt med helsepersonell eller tilsette i skule, barnehage, barnevern eller PPT.

Tilbodet er gratis.

 

Kontakt:

Henrik Eriksen
Tlf: 480 63 540
henrik.eriksen@seljord.kommune.no

Tokke kommune har ein kommunal ungdomsklubb på Elvarheim ungdomshus på Dalen.

Klubben er open for ungdom frå 8. klasse og oppover. Det er ingen fast øvre aldersgrense, bare reglane i klubben blir haldne, særleg i høve rus.

Dalen ungdomsklubb arrangerar paintball på bane ute om sommaren. Sjå ungdomsklubben`s facebookside for arrangement og meir info.

Opningstider

Tysdag kl. 17.00 – 21.00

Torsdag kl. 17.00 – 19.30

Fredag kl. 18.00 – 22.00

frå 01. september til 31. mai.

Kontakt

Klubbleiar

Tor Øystein Gravdal

Mob. 975 39 809

Tokke kulturskule har eit rikt mangfald av aktivitetar ein kan søkje på.

Ein kan søkje om undervisning i ulike instrument, song, band, kor, korps og visuelle kunstfag. Det vert lagt til rette for ulike kurstilbod undervegs i kulturskuleåret. Undervisninga er individuell- eller gruppebasert og startar opp i veke 35.

Me fylgjer skuleruta for grunnskulane i Tokke. Elevane får undervisning kvar veke, forutan fyrste skuleveke haustsemesteret, samt den veka ungdomsskulane har «Musikkveka».

Tilbodet finn de her.

 

 

 

SLT er ein Samordningsmodell for Lokale, førebyggande Tiltak mot rus og kriminalitet. SLT sikrar at dei ressursane som allereie finns hos kommunen og politiet, blir meir samkøyrd og målretta.

  • Kva er dei største utfordringane for unge menneskjer i din kommune?
  • Kven av dei er spesielt utsatt for å ende i enda større vanskar?
  • Korleis kan desse få best mogleg hjelp til å meistre livet sitt og unngå rus og kriminalitet?

SLT-koordinatoren sørger for at kommunens førebyggande ressursar blir samordna mest mogleg effektivt.

SLT-koordinator kan kontaktes dersom de har spørsmål som har med rus, kriminalitet, nettmobbing o.l.

Kontakt: Merethe J Reinskås
Tlf: 9117489

Familivernkontoret tilbyr familieverntenester til enkeltpersonar, par, familiar og gruppar i kommunane.

Dei fleste kjem til oss for rådgivning og samtaler om kvardagsproblem, og når det er vanskar, konflikt eller kriser i familien. Du kan heilt uforpliktande ta kontakt med oss per telefon eller e-post. Dersom du nyttar e-post er det viktig at du ikkje sender oss sensitiv informasjon. Me treng og opplysningar om ditt telefonnummer slik at me kan ta kontakt med deg.

På kontoret møter du mellom anna psykologar, sosionomar og familieterapeuter. Me som jobbar her har taushetsplikt.

 

Kontaktinfo

Tlf: 35068850
Epost: familievernkontoret.ovre.telemark@bufetat.no
Besøksadresse: Brøløsvegen 51, 3840 Seljord

Heimeside

Vest-Telemark PPT IKS er ei pedagogisk psykologiske teneste som blir drive som eit interkommunalt samarbeid mellom kommunane i regionen: Fyresdal, Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke, Vinje og Vestfold og Telemark Fylkeskommune.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT) er ei kommunal rådgivande teneste. PPT skal hjelpe barn, ungdom og vaksne som strevar i utviklinga, eller som har ein vanskelig opplæringssituasjon.

Den skal gje skular råd og rettleiing for å tilrettelegge for barn og unge som treng det, og bistå skular for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særskilde behov. PPT bistår også vaksne med behov for grunnskoleopplæring.

Gjennom heilskapleg tenking og samarbeid ynskjer PPT å bidra til at brukarane meistar eigne liv. For å nå dette må vi vere løysingsorienterte med fokus på meistring og utvikling i møte med både brukarar og samarbeidspartnarar. Vi må også arbeide for at ressursar (menneskelege og økonomiske) blir brukt på den arena der behovet er størst og innsatsen gir mest effekt.

Våre ansvarlege innanfor system barnehage og skule har jamleg kontakt med barnehagar og skular og vil kunna gje tilsette råd og rettleiing når det gjeld det spesialpedagogiske arbeidet. Ta gjerne kontakt med oss direkte om du har spørsmål.

Kontakt:
Tlf: 35 06 83 00

Heimesida

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Dei gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

BUP Notodden er ein av fire barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikker i Telemark, i kommunene Skien, Porsgrunn, Kragerø og Notodden.

Poliklinikken gjev tilbod til barn og unge opp til 18 år med psykiske vanskar og deires familiar, der hjelp fra helsestasjon, fastlege, PPT (Pedagogisk-psykologisk tjeneste) eller barnevern ikkje er tilstrekkelig.
I BUP jobbar fleire ulike faggrupper saman om å gje eit breidt tilbod som er tilpassa den einskilde.
Me samarbeider tett med Seksjon for familiebehandling, Ungdomspsykiatrisk senter (UPS) og Seksjon for autismespekterforstyrrelser.

Opptaksområdet for BUP Notodden omfattar kommunane Notodden, Sauherad, Bø, Hjartdal, Seljord, Tokke, Vinje, Tinn, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal kommune.

Kontakt
Telefon
Ekspedisjon BUP Notodden: 35 02 14 20
Ring også 35 02 14 20 for å komme i kontakt med forløpskoordinator ved BUP Notodden, for pakkeforløp for utredning og behandling i psykisk helsevern, barn og unge

Åpningstiden i ekspedisjonen er alle hverdager kl. 08.00 – 15.00
BUP held til i bygg E på sjukehusområdet på Notodden.

Heimeside