-

Dokumentasjon

Når du dokumenterar BTI-arbeid nyttar du dei same rutinene som når du ellers handterar personsensitive opplysningar på din arbeidsplass. Dersom du skal dele informasjon med andre tenester må du syte for å ha innhenta samtykke.
Pass på at du får dokumentert alle stega du tek i BTI-rettleiaren undervegs. Og særleg ved avslutta BTI-arbeid. Under finn du nokre punkt som kan hjelpe deg til å dokumentere på ein god måte.

 

Me dokumenterar nøyaktig det som har skjedd/har blitt sagt. Få med tid og stad.  Kva såg /hørde du?  Dokumenteringa skal vere mest mogleg objektiv.  Konkretiser dokumenteringa så godt som råd.

Dersom me vil dokumentere eigne vurderingar/oppfatningar av situasjonen må dette komme tydeleg fram. Og det må skiljast frå dei faktiske observasjonane. Her kan ein og trekkje inn det ein veit om øvrig kontekst.

Ein treng ikkje skrive langt for at det skal vere god dokumentasjon. Skrell vekk det som er unødvendig. Det er ofte betre å dokumentere hyppig og lite enn mykje sjeldan.

 

Språket me nyttar bør vere så nøytralt som mogleg. Eit godt tips er å unngå adjektiv.  Nytt gjerne til dømes verktøyet «teikn og signal på manglande trivsel» til hjelp for å ordlegge seg på ein presis måte. Ein kan nytte «observasjonskjema» for å sikre at ein har dokumentert ulike aspekt og tema.  Tenk på at det vert dokumentert skal kunne lesast av den det gjeld i etterkant, bruk difor eit språk som yter barnet respekt.

Nytt dei sikre sonene som du allereie opererar med i dag. Det er viktig at du veit at den staden du lagrar dokumentasjonen er sikker, slik at uvedkommande ikkje får adgang til den.