-

Melde frå til barnevernet

Om du er bekymra for om eit barn får god nok omsorg, bør du melde ifrå til barnevernet.

Du treng ikkje vera sikker på at noko er gale før du melder ifrå. Når du har sagt ifrå, er det  barnevernet sin jobb å vurdere korleis meldinga skal følgjast opp. Dei aller fleste som får hjelp frå barnevernet, får hjelpa heime. Omsorgsovertaking skjer berre i dei mest alvorlege tilfella.

Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding (for privatpersoner) For offentlig ansatte og fagpersoner med meldeplikt: Gå til digitalt skjema for bekymringsmelding  

Slik melder du i frå

Vi oppmodar at du brukar det digitale skjemaet for sikker og effektiv innmelding til barnevernstenesta. Dersom du ikkje har moglegheit til å bruke det digitale skjemaet eller om du vil vera anonym overfor barnevernet, kan du laste ned eit meldingsskjema (Word) som du fyller ut og sender til barneverntenesta i kommunen. NB: Dette skjemaet må sendes i posten og ikkje via e-post.